DUS – Den unge scenen 5

Forlag: 
Pris: 
kr 299,-
Utgivelsesår: 
2013
Innbinding: 
Innbundet
Sidetall: 
735
ISBN: 
9788275962308
Originalspråk: 
Omslagsdesigner: 
monoceros

DUS – Den unge scenen blei starta i 2003 etter ein modell frå Connections i England, der National Theatre i London spelar ei ledande rolle på same måte som Det Norske Teatret gjer i Noreg. Gjennom 10 år har DUS utvikla 28 nye scenetekstar for ungdom mellom 13–19 år, og fem prosjektrunder er gjennomført. I denne runda kan DUS for alvor kalle seg landsdekkjande, med deltakarar frå Tana i nord til Kristiansand i sør, Halden i aust og Ålesund og Bergen i vest.

DUS har som mål å få fram ny dramatikk for ungdom, å dyrke fram gode tekstar som plattform for ungdommane sitt uttrykksbehov og å gjere teatret til ein attraktiv arena for denne aldersgruppa. Dei sju tekstane denne utgåva rommar, er fulle av humor og alvor, og speglar eit mangfald av tema som vi trur vil vere inspirerande for ulike sceniske uttrykk. Det er tekstar i samtida som fangar eit språk som ungdom kan forstå og identifisere seg med, og som kan utfordre og inspirere.

Kim leker av Gunnar Germundson
Kim likar ikkje den nye heimen sin, han har fått det minste rommet og ei ny mor som ikkje stoler på han. Kim vil straffe faren for å ha dratt han vekk frå livet han hadde, og difor søv han ute om natta og kjem ikkje til middag. Alle rundt Kim har sommarjobb, stesøster Becky passar den nyfødde halvbroren til Kim, medan storebror Jon får pengar av faren for å passe på Kim. Kim godtek ikkje at storebroren leikar pappa i farens fråvere, og nektar å la seg fange. Til slutt blir Kim lei av å springe og gøyme seg. For å beskytte seg sjølv og heve statusen sin hyrar Kim ein vaktmann.

Fem umulige minutter av Lars Vik
Ei ung, sjølvdriven teatergruppe blir spurd om dei kan lage eit fem minutts innslag på ein stor oljekonferanse. Betalinga er god, tida knapp, meiningane om førespurnaden er mange. Når gruppa takkar ja til det lukrative oppdraget blir det drama for alle penga; kan dei kritisere oljebransjen? Tør dei det? Til kva pris? Og kven er forelska i kven? Dei er unge, ueinige, uovervinnelege. Det unge ensemblet må gå nokre heftige runder før dei kan entre scenen på den prestisjetunge konferansen med sine fem umoglege minutt.

Mozart i Mogadishu av Agate Øksendal Kaupang
Mozart i Mogadishu handlar om seks ungdommar som rømmer frå ein barnevernsinstitusjon. Historia utspelar seg i dei følgjande dagane, der ungdommane har isolert seg på ei avsides­­liggjande hytte. Stykket handlar om å finne seg sjølv og sin plass, om fortid og framtid, om det som er godt og det som er vondt, og forventingar til kor venleik fins og ikkje fins.

Vinn & forsvinn av Bjørn Sortland
Vinn & forsvinn handlar om seks ungdommar som er plukka ut til å delta i «Vinn & forsvinn», eit realityshow der deltakarane konkurrerer om fleire hundre tusen. Dei seks lever med kvar sin kreftdiagnose, og har nokså kort tid igjen. Kva er det som er viktig i livet? Blir ein eit betre menneske når ein skal døy? Blir ein meir desperat? Betyr pengar framleis noko? Er det greitt å brenne lyset i begge endar? I teatersalen sit det nokre som er publikum til realityshowet. Dei bestemmer kven som skal ut. Har publikum noko liv når ein sit og ser på slikt? Vinn & forsvinn er eit teaterstykke som er pakka inn i eit realityshow. Eller kan det vere omvendt?

Den mørke skya av Kristin Auestad Danielsen
Fem born i alderen 12-16 år skal halde sommarferie utan foreldra sine. Vertskapet er Tornerose og Snøkvit, Pamela Anderson, Marilyn Monroe og den flotte handballtrenaren. Her blir dei passa godt på, men den mørke skya truar i horisonten. Kva vil denne mørke skya og korleis skal dei få ho vekk derifrå? Og er det heile berre eit eventyr?

Hangaren av Toril Solvang
Ei gruppe menneske har flykta inn i ein hangar etter ein apokalypse. Her inne har dei utvikla eit rigid system av klassar og reglar. Eit maktspel utviklar seg når Noah tek til å høyre ei stemme utanfor. Alt byrjar å krakelere. Ein gut bryt seg inn, men har han verkeleg vore der ute? Kva skjer med menneskelege relasjonar når absolutt alt er ordna og regulert? Kva skjer med språket og minna? Er det plass
til kjærleik og det ømme og vare?

Shakir av Emire & Lillebror
Shakir er ein god gut frå eit brutalt miljø, medan store­broren, Sjefen, er den sjølvsagde leiaren for Gjengen. Plutseleg døyr Sjefen, og Shakir har ikkje noko anna val enn å underkaste seg den nye leiaren, Zeb, som òg har teke over kjærasten til Sjefen. Ein kveld kjem Sjefen tilbake på visitt frå Helvete. Han fortel at han blei myrda av sin beste venn, Zeb. No har Shakir berre éin einaste tanke… Skal du gjere noko gæ’ernt, gjer det riktig!