DUS – Den unge scenen 6

Forlag: 
Pris: 
kr 299,-
Utgivelsesår: 
2015
Innbinding: 
Innbundet
Sidetall: 
504
ISBN: 
9788275963473
Originalspråk: 
Omslagsdesigner: 
monoceros

DUS – Den unge scenen blei starta i 2003 etter ein modell frå Connections i England, der National Theatre i London spelar ei ledande rolle på same måte som Det Norske Teatret gjer i Noreg. Gjennom 12 år har DUS utvikla 35 nye scenetekstar for ungdom mellom 13–19 år, og seks prosjektrundar er gjen­nomførde. Totalt vert det arrangert DUS-festivalar i totalt tolv regionar, frå Agder­fylkene i sør til Finnmark i nord.

DUS har som mål å få fram ny dramatikk for ungdom, å dyrke fram gode tekstar som plattform for ungdommane sitt uttrykksbehov og å gjere teatret til ein attraktiv arena for denne aldersgruppa. Dei sju tekstane denne utgåva rommar, er fulle av humor og alvor, og speglar eit mangfald av tema som vi trur vil vere inspirerande for ulike sceniske uttrykk. Det er tekstar i samtida som fangar eit språk som ungdom kan forstå og identifisere seg med, og som kan utfordre og inspirere.

DUS 2015
Tabula Rasa av Agate Øksendal Kaupang
Forandring frydar av Sunniva Lovise Harboe
Jenta som ingen kunne mobbe av Olaug Nilssen
Julekveld av Ragnar Hovland
Bønn for Anna av Torun Lian 
Vinden av Lars Mæhle
Skyggene ser oss av Hans Petter Blad

Tabula Rasa av Agate Øksendal Kaupang
Tre søsken flytter fra storbyen til besteforeldrene sine. 
De kommer til et lite, isolert øysamfunn, preget av en dyster fortid. Et sted der alle vet alt om alle, og ingen vil gripe inn. Tabula Rasa handler om å forsøke å starte på nytt, og å bli en annen. Om en mor som ikke kommer som lovet. En far som kommer ut av fengsel, og en lillebror som ser spøkelser. Det handlar om å forsøke å finne seg selv, og å finne en plass.

Forandring frydar av Sunniva Lovise Harboe
Dagen er her, den dagen dei har snakka om så lenge. 
Dei har gleda seg så, men nå føles det heile som eit slag i magen. Det er siste skuledag, plutseleg gjekk tida litt for fort. Sju ungdommar kjem til å eksponera tankane sine, no skal de få sjå kven dei er, kva dei er redde for, 
og kva dei drøymer om. 

Jenta som ingen kunne mobbe av Olaug Nilssen
Saman med foreldra har Guri motvillig flytta frå Oslo til eit typisk bygdemiljø. Det går ikkje like glatt som ho påstår. Ho insisterer på at ho ikkje bryr seg om at klassekameratane plagar henne. Korleis kan det vere mulig? I Jenta som ingen kunne mobbe møter vi ei jente med sterk tru på seg sjølv, ei jente som er annleis, men også sårbar, og vi får sjå kva slags mekanismar som kjem i sving når ein kjenner seg utsett og avvist. Jenta har òg foreldre, og deira roller kan absolutt diskuterast. 

Julekveld av Ragnar Hovland
Julaftan. Eit rom på eit slite pensjonat i ein by. To brør i tenåringsalder. Prøver å lage julestemning. Refererer til søstera som ikkje er der, men som har komme saman med dei til byen. Dei har ikkje pengar, søstera har tydeleg gått ut for å skaffe det, på ein eller annan måte (prostituere seg). Bakgrunnen deira blir sakte avdekka. Foreldra døde i ulykke. Ingen pengar, inga utdanning, men dei ser for seg ei lys framtid no då dei har komme til byen. Søstera kjem, har med seg ein mann. Rik og usympatisk. Vil ha brørne ut, vil vere åleine med søstera. Etter litt krangling, går dei ut i kvelden. Dei står på eit hjørne og røyker og frys. Ein engel kjem forbi, ønskjer dei god jul og seier at dei kanskje bør gå tilbake til søstera. Dei går tilbake til rommet, høyrer søstera skrik, ho blir banka opp av den framande mannen. Brørne går til angrep på han, søstera tar ei lysestake og drep han. Dei tar pengane hans og gøymer liket under senga. Eine broren går ut for å handle julemat og gåver på ein bensinstasjon. Juleklokkene begynner å kime. Søstera og den eine broren snakkar om den lyse framtida. Ventar og ventar på at den andre broren skal komme att.

Bønn for Anna av Torun Lian 
Et teaterstykke om å akseptere at et liv tar slutt selv om det er et ungt menneskes liv. Et trøstespill.
Anna døde i en trafikkulykke, men kommer tilbake, i drøm, i virkelighet, ingen kan riktig vite, ingen vet, men hun kommer tilbake for en kort stund som er akkurat lang nok til å forvandle sorg og savn i livet til de som elsket henne og fremdeles lever til noe vakkert, til noe det går an å leve med.

Vinden av Lars Mæhle
Handlinga føregår over ein kveld og natt i ein liten dal. Ramma er ein russedåp. Vi får følgje eit knippe ungdommar på terskelen til vaksenlivet. Kva vil skje med dei heretter? Kven kjem til å flytte frå dalen? Kven kjem til å bli? Kva har lagnaden i ermet for dei? Det blæs opp til storm denne natta. Og livet til kvar og ein av ungdommane blir sett på spissen, kanskje til og med snudd på hovudet. Kjenslene og lengslane deira kjem gradvis for ein dag. For alle ungdommane ber i seg ei trong til å bli sett. Alle ønskjer å elske – og bli elska. Men ikkje alle når fram med kjenslene sine. Ikkje alle får det til. Ikkje alle tør å sleppe seg ut i kjærleiken. Og kva skjer med dei som gjer det?  Vinden er på eitt plan ei kjærleikshistorie, men òg eit eksistensielt drama. Men mest av alt er stykket kanskje ei reise gjennom kjensler, så mange, sprikande og kvervlande dramatiske som kjensler berre kan vere når ein er ung.

Skyggene ser oss av Hans Petter Blad
Når Rakel forsvinner under en språkreise i Italia blir kjæresten, søsteren og hennes nærmeste venner stående tilbake med sitt første møte med en virkelig tragedie. Det er en glødende varm sommer, de går på stranden, bader, sykler, sladrer, krangler, slår og opp og blir sammen som før, men alt er likevel annerledes. Det er som om de venter på et mirakel, på noe annet og større enn dem selv.