Vandrande ikorn

Forfatter: 
Pris: 
kr 329,-
Utgivelsesår: 
2019
Innbinding: 
Innbundet
ISBN: 
9788274887213
Språk: 
Originaltittel: 
Gangandi Íkorni
Originalspråk: 
Oversetter: 
Vistdal, Oskar

«Fyrst teiknar eg eit fly og ei håkjerring luntande nede i grumse hav. Så flyttar eg meg til på arket. Legg meg hardt på tømmerblyanten og tek meg på tak. Med eitt er det vorte ei stråhytte med ein hageflekk ikring, ei lita blikstill tjørn og ein ikorn.»

Vandrande ikorn er ved fyrste augnekast ei tradisjonell forteljing om ein smågut hjå eit eldre ektepar i ei avsidesliggjande bygd, om handleturar, lækjarbesøk og livet på gardsbruket. Men guten er irrasjonell og endrar verda med fantasien – støv-sugaren blir ein steinbit i ei havgrotte, dyra på bordduken er stengde inne i ein labyrint. Ein dag teiknar han ein ikorn som tek lesaren med til ei draumverd.

Vandrande ikorn (1987) er Gyrðir Elíassons gjennombrotsbok. Ho høyrer til hovudverka i islandsk litteratur i siste fjerdingen av 1900-talet og vart heidra med Þórbergur Þórðarsons stilpris i 1989.

Omsett frå islandsk av Oskar Vistdal.