Belsvik, Rune

Rune Belsvik (f. 1956) er opphavleg frå Stord. Han er utdanna hjelpepleiar og arbeider i halv stilling i bustad for psykisk funksjonshemma. I 1979 debuterte han med ungdomsromanen Ingen drittunge lenger. Han har gitt ut over tretti bøker – romanar, forteljingar og skodespel for vaksne, ungdom og barn. Mest kjende er barnebøkene om Dustefjerten; dei vart dramatiserte og spela på Det Norske Teatret i 2003. I 2006 vart barneboka Verdas mest forelska par dramatisert og spela på Det Norske Teatret med stor suksess. I januar 2007 fekk Belsvik Teskjekjerringprisen for innsatsen sin for barnelitteraturen.

Bibliografi