Hagerup, Hanne

Hanne Hagerup (f. 1984) Hanne er dramatikar og tekstforfattar frå Fredrikstad. Ho har skrive familiemusikalane Den Hvite Dame for Fredriksten Festning i Halden og Arnardo før Arnardo saman med Klaus Hagerup. Ho har og skrive tekstar for Oslo Fagottkor og for MAC theatre i Belfast. Saman med søstera Hilde og faren Klaus skreiv ho manus til NRKs julekalender Snøfall som vart vist jula 2016 og som vann Gullruten for beste barne- og ungdomsprogram. Ho har og skrive manus til sceneversjonen av Snøfall saman med Hilde for Oslo Nye Teater. Ho er for tida i ferd med å utvikle eit tv-serie-manus gjennom Norsk Filminstitutts barnefilmsatsning NFI:LAB Junior, og ho er ein del av barnedramatikksatsninga til Dramatikkens Hus.

 

Bibliografi